tirsdag, mars 27

Folkeavsrøysting!



I går var det folkeavrøysting om endringa av 34 artiklane i Egypt si grunnlov. Endringane er svært kontroversielle og vart føreslått av våre kjære president Hosni Mubarak og skal, i følgje regimet, vera ein del av ein demokratiseringsprosess. Dette er både det Muslimske brorskap og den sekulære opposisjonen (med Kifaya i spissen) veldig ueinige i.

Endringa går kort ut på at alle politiske parti og organisasjonar som er tufta på religion vert forboden, då ryk alle mogleikar for Muslimsk Brorskap. Det er uheldig då desse har prøvd å få komme til i det politiske livet i Kairo gjennom fredelige midlar dei siste 80 åra. Vanskelig å vita om dei kjem til å halde den linja no når dei vert forbode. Det er òg drastiske endringar av vallovene; før måtte det vera ein representant frå dommarvesenet ved kvar valurna, dette var for å sjå til at alt gjekk føre seg på ein rettferdig måte, denne ”garantien” blir no tatt vekk. Vidare vert den 26 år gamle unntakstilstanden heva, men erstatta av eit lovverk kalla antiterrorlovene, i følgje Amnesty International legg desse opp til den verste underkastinga av menneskerettar i Egypt sidan innføringa av, nettopp, unntakstilstanden innført etter drapet av tidligare president Sadat i 1981.

Dommarane og rettssystemet har tradisjonelt operert delvis uavhengig av regimet og hatt stor integritet, likevel overstyrer regimet deira avgjersler i alle sensitive saker. Men med endringane av grunnlova vert det grunnlovfesta at president Mumbarak kan overføra dei rettssakane han ynskjer inn for militærdomstolen der det er umulig å anke…

Under valet i går vart folket oppmoda av opposisjonen til å avstå frå å røysta. Dette ser ut til å ha vore vellukka då valoppslutninga skal ha vore veldig låg. Dette heng nok òg sama med at folket har inga tillitt til val då desse alltid blir rigga. President Mubarak fekk 87% av stemmene under valet i 2005… Typisk for eit regime med diktatoriske tendensar! I nokre land er det vanlig at ein viss prosent av befolkninga må delta for at valet skal vera gyldig, men det er ikkje tilfelle i Egypt. Valet skulle eigentleg ha vore den 4 april, men vart framskyve til 26. mars, dette var etter all sannsyn for å hindra opposisjonen i å organisera seg. Både på sundag og i går var det planlagt store demonstrasjonar på Midan Tahrir(sentrum av Kairo, rett opp i gata frå AUC), men då det stod tusenvis av politisoldatar klare allereie om morgonen, torde ikkje opposisjonen å samla seg. Forståelig då politisoldatane ikkje opererar med silkehanskar…



På AUC, i aviser og media generelt blir det gitt lite merksemd til endringane av grunnlova. Læraren i min political science klasse vart sjokkert då berre 5 (meg inkludert) viste om endringane… Dette er den kommande eliten som skal styre landet om få år… Til gjengjeld er dei som held seg oppdatert i klassen veldig engasjert. Ein av dei er sonen til Ayman Nour. Ayman Nour er leiar for paritet Ghad og organisasjonen Kifaya. Han fekk 7% av stemmene ved presidentvalet i 2005, og vart då litt for pågåande for regimet og vart fengsla i 2006…
http://www.freeaymannour.org/

Det vert spennande å sjå resultatet av folkeavstemminga. På universitetet vert det spøka med at resultatet vart bestemt allereie i Januar, og det er nok ikkje så langt frå sanninga!

Elles går alt vel i Kairo. Håpet om å reisa til Iran neste måndag er svinnande då mine amerikanske reisevener slit med å få visum… Lurar på kvifor? Me håpar på å få endeleg svar i morgon!


fredag, mars 16

Demonstrasjon i Kairo



I går ettermiddag sat eg på universitetsbiblioteket og las. Så kom Yngve og fortalte at hans klasse hadde fått gå heim tidlig, det var venta ein stor demonstrasjon på midan Tahrir, og læraren var redd studentane skulle bli sittande fast i trafikken. Midan Tahrir er ein enorm rundkjøring rett bak universitetet, og sentrum av Kairo. Me tenkte at dette var noko å få med seg, så me gjekk opp på taket av universitetet, der me hadde perfekt utsikt og innsikt i korleis den demokratiske staten Egypt taklar opposisjon og demonstrasjonar. Midt på rundkøyringa stod det om lag 100 demonstrantar, dei hadde eitt banner. Dei var omkransa av politisoldatar, som i tillegg stod langs alle innfartsårer mot rundkøyringa og eit par kvartal i alle retningar. Det var opprørspolitibilar, brannbilar og enno fleire politisoldatar. Eg trur dei tal om lag 1500 til 2000. Forferdelig ekkelt syn. Det virka som dei stod å trippa, klar til å angripa demonstrantane då dei byrja å ropa slagorda sine. Etter ei stund verka det som ting roa seg, så me fòr å åt middag. Eg les i avisene i dag at 32 vart arrestert, men det skal ikkje ha vore noko særleg voldelig.



Det var den tverrpolitiske prodemokratiske gruppa Kefaya som stod bak. Kefaya betyr "nok" på arabisk og dei kjempar for ei demokratisering av Egypt. Under demonstrasjonen i går ropte dei "ned med Mubarak(presidenten)" og det er ulovleg i seg sjølv, i følge avisene vart det brent nokre amerikanske og israelske flagg. Men hovudappellen var retta mot endringane i grunnlova. Endringane er få med fundamentale. I følgje presidenten sjølv skal desse endringane garantera meir demokratisk fridom til det egyptiske folket. Endringane vil ”optimalisera” valordningane, forby parti som er tufta på religion, men lettare for andre å stilla til val. Det er tydlig at heile den splitta opposisjonen tolkar endringane på ein heilt anna måte, og meinar at desse endringane vil føra til mindre, ikkje meir demokratisk fridom...