mandag, februar 26

I Moses sine fotspor.



Somme stunder blir ein lei maset i Kairo. Difor bestemte eg, Jonas og vår amerikanske ven Bill oss for å ta ein helgetur. Valet vart Dahab og Mont Sinai. Torsdag kveld sat me oss på nattbussen mot Dahab, ei liten landsby som ligg på andre sida av Sinaiørkenen. Det er ein 8 timars busstur gjennom ørkenen, avbroten av 4-5 militære checkpoints. Tidleg fredag morgon kom me til Dahab og fekk oss eit lite rom på Pengvin Hostel. Der slappa me av og fylte lungene med frisk sjøluft og shisa. Jonas fekk litt kvalitetstid med sola, eg snorkla på revet og Bill vart raud.

Det eigentlege målet for turen var Mount Sinai. Det er eit 2400 meter høgt fjell der Moses skal ha moteke dei ti boda frå Gud. Det går rykte om at han mista to bod på vegen ned, så målet for turen var å finna dei to siste boda! Klokka 23 sat me oss i bilen og vart køyrt til fotenden av fjellet. Me hadde sett for oss ein rolig og fin fjelltur og vart sjokkert då busslass etter busslass med japanarar og kristne pilegrimar frå heile verda stod klar til å erobra fjellet! Det vart ein lang saktegåande kø opp til toppen. Eg vart imponert over dei feite amerikanarane og gamle damer frå Japan som klarte å gå dei 8 km i total mørke! Endeleg på toppen sat me og frøys i to timar medan me venta på soloppgangen, som diverre er lik over heile verda... Men bønene frå spanjolane og synginga frå Nigerianarane skapte ei god og spesiell stemning.

På vegen ned fekk me sjå det utrulege landskapet mørket hadde skjult for oss og ei og anna snøfonn. Dei siste kilometerane haika me med kamelar, det var ei heller ubehageleg oppleving
då beduinen ikkje ville visa korleis me skulle sitta for å hindra sterilisering. Attende i Dahab fann me ut at trøyte gutar leikar dårleg så me sat oss på ein minibuss attende til Kairo.
Det var ein folksam fjelltur utan om det vanlege, og me skal garantert attende til Dahab.


mandag, februar 19

Ei æreskrenking, -skada for livet?


Rett over vegen bur det ein egyptisk familie, det er mor, far og to ungar. Den yngste er Fatima, ho er kanskje rundt 13 år. Desse har me eit godt forhold til, me vinkar til kvarandre frå balkongane. Men, ein dag i sist veke hadde min gode sambuar Jonas vore å trent. Han kom heim til leilegheita og hoppa i dusjen. Samtidig gjekk Fatima ut på balkongen sin for å henge opp klesvasken. Jonas vart ferdig i dusjen og gjekk ut i stova for å hente noko, han var berre kledd i adam sin drakt, naken. Han såg ut vindauga og på andre sida av vegen stod Fatima, skrekkslagen! Jonas valte heldigvis ikkje å vinka, noko han ville gjort dersom han hadde vore anstendig kledd, men snudde seg vekk og gjekk innover i huset. Stakkar Fatima lukka att skoddene, vindauga og gardinene...!


Etter denne episoden går me rundt og er livredde kvar gong nokon bankar på døra. Våre egyptiske venner meiner at Fatima mest sannsynleg aldri har sett ein naken mann(all nakenskap vert offer for sensur på egyptisk TV), og viss far hennar får nyss i dette er ikkje Jonas sitt liv mykje verdt!!

Eg håpar faren til Fatima kan sjå forskjell på meg og Jonas...

lørdag, februar 17



Etter ein månad med intens vurdering har eg komen til den konklusjonen at det er legitimt for meg å oppretta ein blogg. Dette fenomenet har eg haldt meg vekke frå så langt, men då eg no sit i Kairo tenkte eg det er ein grei måte å fortelja om min opplevingar her i Afrika og halde kontakten med Noreg. 

Eg kom til Kairo for nøyaktig ein månad sidan, tok inn på King Tut Hostel som ligg midt i sentrum av Kairo(25kr natta!). King Tut Hostel brukte eg som base medan eg leita etter leilegheit. Her i Kairo møtte eg Jonas Haugen, han studerar sam.pol ved UiB og me bestemte oss for å finna husvære saman. Etter eit par dagar og mange stygge leilegheiter, møtte Jonas ein brite, James, som òg var på jakt etter husvære. Me slo oss saman og bur no i ein flott leilegheit på Zamalek, ei lita øy midt i Nilen! Eg føle meg heime på Zamalek, tanken på å vera omringa av vatn er god. Øya er kanskje ikkje det me kan kalla for eit egyptisk nabolag, det er helst ambassadar og vestlige folk som held til der, men i vår gata er det ikkje ei sjel som snakkar engelsk, så høflegheitsfrasene på arabisk blir godt brukt.


American University in Cairo er akkurat slik det høyres ut som; eit amerikansk universitet i
Kairo. Det er amerikansk universitetsstruktur, dvs; mange oppgåver, enno fleire førelesningar og kommunikasjon mellom studentane og forelesaren gjennom heile førelesninga. Dette er heilt motsat av kva eg er kjent med frå HF, men mykje av det er bra. Det er ikkje så bra at ansvar for eiga læring ikkje eksistere og det er eit byråkratisk helvete. Forelesarane er flinke, engasjerte og er sterke kritikarar av både egyptisk og amerikansk politikk. Faktisk så er Egypt det landet som mottek nest mest økonomisk bistand frå USA, etter Israel! Alt frå hyller på biblioteket til kaffimaskinar er merka med "US-aid". Då eg skal skrive bacheloroppgåve denne våren, teke eg berre tre kurs(det normale er 4-5). Det er eit historiefag, eit political sciencefag og egyptology.

Håpar på mykje kommentarar, og at Anders er nøgd med ein blogg og ikkje e-post!