mandag, februar 26

I Moses sine fotspor.



Somme stunder blir ein lei maset i Kairo. Difor bestemte eg, Jonas og vår amerikanske ven Bill oss for å ta ein helgetur. Valet vart Dahab og Mont Sinai. Torsdag kveld sat me oss på nattbussen mot Dahab, ei liten landsby som ligg på andre sida av Sinaiørkenen. Det er ein 8 timars busstur gjennom ørkenen, avbroten av 4-5 militære checkpoints. Tidleg fredag morgon kom me til Dahab og fekk oss eit lite rom på Pengvin Hostel. Der slappa me av og fylte lungene med frisk sjøluft og shisa. Jonas fekk litt kvalitetstid med sola, eg snorkla på revet og Bill vart raud.

Det eigentlege målet for turen var Mount Sinai. Det er eit 2400 meter høgt fjell der Moses skal ha moteke dei ti boda frå Gud. Det går rykte om at han mista to bod på vegen ned, så målet for turen var å finna dei to siste boda! Klokka 23 sat me oss i bilen og vart køyrt til fotenden av fjellet. Me hadde sett for oss ein rolig og fin fjelltur og vart sjokkert då busslass etter busslass med japanarar og kristne pilegrimar frå heile verda stod klar til å erobra fjellet! Det vart ein lang saktegåande kø opp til toppen. Eg vart imponert over dei feite amerikanarane og gamle damer frå Japan som klarte å gå dei 8 km i total mørke! Endeleg på toppen sat me og frøys i to timar medan me venta på soloppgangen, som diverre er lik over heile verda... Men bønene frå spanjolane og synginga frå Nigerianarane skapte ei god og spesiell stemning.

På vegen ned fekk me sjå det utrulege landskapet mørket hadde skjult for oss og ei og anna snøfonn. Dei siste kilometerane haika me med kamelar, det var ei heller ubehageleg oppleving
då beduinen ikkje ville visa korleis me skulle sitta for å hindra sterilisering. Attende i Dahab fann me ut at trøyte gutar leikar dårleg så me sat oss på ein minibuss attende til Kairo.
Det var ein folksam fjelltur utan om det vanlege, og me skal garantert attende til Dahab.


7 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Magnus. Eg unnar deg verkeleg å få sett noko snø, sjølv om da ikkje held te skigåing. Fann dåke dei to forsvunne boda?
På fredag skal eg til geilo og besøkje Anders på "nye" Grøvestøl :)
Eg skal vitterlig sende deg nokon tankar mens eg suser nedover bakkane i 1m med pudder!

Koz og klemz fra Ralph

Beduinen sa...

Nei, dei to siste boda er framleis eit mysterium... Kanskje: "Oppsøk alltid nok pudder?"
dNye Grøvestøl! Er det Reidar som har gjort eit kupp? I staden for tankar vil eg ha bilete og ein raport frå fjellet! God Tur, og hels Reidar!

Anonym sa...

Maa ein vere kledd i noko groent naar ein er i Egypt?

Beduinen sa...

Ingvild, det er god imperialistisk tradisjon å kle seg opp i grønne eller ørkenfarga klede. Helst ei snerten knebuksa, skjorta(med minst 30 lommer) og ein god ørkenhjelm... Då er ein kledd for eventyr;-)

Anonym sa...

Hallo Magnul. No e me komme til Bergen igjen, da va aller beste sort på fjellet! Skal du busetta deg i Bergen nest år også? Da håpe me, da e svært dødt om dagen, folk har lagt seg i vinterdvale. Suss anders

Anonym sa...

Bloggarar frå Sunnhordland kan vinna iPod, her: http://stud.hsh.no/lu/inf/langenetter/konkurranse.htm

Anonym sa...

på tide med ny blog magnus!!
høre forresten rykta om at du e i bergen...?