lørdag, februar 17



Etter ein månad med intens vurdering har eg komen til den konklusjonen at det er legitimt for meg å oppretta ein blogg. Dette fenomenet har eg haldt meg vekke frå så langt, men då eg no sit i Kairo tenkte eg det er ein grei måte å fortelja om min opplevingar her i Afrika og halde kontakten med Noreg. 

Eg kom til Kairo for nøyaktig ein månad sidan, tok inn på King Tut Hostel som ligg midt i sentrum av Kairo(25kr natta!). King Tut Hostel brukte eg som base medan eg leita etter leilegheit. Her i Kairo møtte eg Jonas Haugen, han studerar sam.pol ved UiB og me bestemte oss for å finna husvære saman. Etter eit par dagar og mange stygge leilegheiter, møtte Jonas ein brite, James, som òg var på jakt etter husvære. Me slo oss saman og bur no i ein flott leilegheit på Zamalek, ei lita øy midt i Nilen! Eg føle meg heime på Zamalek, tanken på å vera omringa av vatn er god. Øya er kanskje ikkje det me kan kalla for eit egyptisk nabolag, det er helst ambassadar og vestlige folk som held til der, men i vår gata er det ikkje ei sjel som snakkar engelsk, så høflegheitsfrasene på arabisk blir godt brukt.


American University in Cairo er akkurat slik det høyres ut som; eit amerikansk universitet i
Kairo. Det er amerikansk universitetsstruktur, dvs; mange oppgåver, enno fleire førelesningar og kommunikasjon mellom studentane og forelesaren gjennom heile førelesninga. Dette er heilt motsat av kva eg er kjent med frå HF, men mykje av det er bra. Det er ikkje så bra at ansvar for eiga læring ikkje eksistere og det er eit byråkratisk helvete. Forelesarane er flinke, engasjerte og er sterke kritikarar av både egyptisk og amerikansk politikk. Faktisk så er Egypt det landet som mottek nest mest økonomisk bistand frå USA, etter Israel! Alt frå hyller på biblioteket til kaffimaskinar er merka med "US-aid". Då eg skal skrive bacheloroppgåve denne våren, teke eg berre tre kurs(det normale er 4-5). Det er eit historiefag, eit political sciencefag og egyptology.

Håpar på mykje kommentarar, og at Anders er nøgd med ein blogg og ikkje e-post!


4 kommentarer:

Anonym sa...

No sitter eg og Ralph på nachspiel, etter ein heller middels kino og mange øl på Escalon. Snyte meg, beste sort med ein JZ blogg. Informerar om at brevpost til Magnul Bush Eldøy, med Muhammed kariktatur frimerke er på veg. Eg skriv meir ved ein seinare anledning. " Alle likar tapas" Anders og Ralph

Beduinen sa...

Hei Anders og Ralph! Eg bur aldri på same adresse meir enn 2 netter, så dåke skal vera godt informert for å sende slike avslørande brev til rett adresse;-)
"Love Tapas" Magnus

Anonym sa...

manakk e mongo

Anonym sa...

magnul osambush eldin! sjølvmordsbombaren frå øldøyane.