mandag, april 2

I hjarta av "ondskapens akse".

Eigentleg er eg motstandar av aa bruka " og " for aa paapeika ironi, men i dette tilfellet er det naudsynt for aa understreka ironien...! Syria er eit diktatur som har den tvilsame aera av aa vera det mest overvaaka landet i verda. Yttringsfridom er ikkjeeksisterande og folk forsvinn. Likevel er det ein forferdelig fornaerming ovanfor 17mill innbyggjarar som ikkje har valt sin herskar...

Eg og Yngve er paa loffen i Midtausten! Daa turen til Iran gjekk i vasken grunna visumtroebbel og krisestemning mellom Iran og vaare allierte... Difor maatte me endra planane vaare raskt. Martine og Rachel reiste til Thailand, Bill til Kenya og dei to andre veit eg ikkje kvart vart av.

No sit eg paa ein internettkafe i hjarta av Damskus, rett ved Umayjademoskeen. Det er flott aa vera attende i Damskus, det er ein fantastisk spennande by, og det er unike opplevingar paa kvart eit gatehjoerna. Det er paa ein maate det ekte midtausten; her finn ein ikkje Hardees og Mc Donalds! Paa veggane heng det plakatar av Hezbollah sin leiar, Nasrallah , og i butikken ved sidan av kan ein kjoepe Backham skjorter og Coca Cola.

Me kom til Damskus i dag. Foer det har me kryssa gjennom Jordan. Eit flott land med veldig fin natur. Me vitja Wadi Rum; nokre steinformasjonar som er veldig stilige, Petra; ein by hogd ut i fjellet for omlag 2500 aar sidan, Amman og Daudehavet. Amman var vindfull og kald, men likevel ein koselig mellomstor by. Me leita etter Odd Karsten Tveit, han hadde goeymt seg godt, i staden fann me eit gamlat tog. Dette var ein del av det Ottomanske Riket sine moderniseringsreforar rundt 1900. Toget skulle frakta pillgrimmar fraa Istanbul til Mekka, men grunna fyrste verdskrig vart toglinja aldri fullfoert, og endar no i Amman. Haapet var at dette skabbete, men klassiske damptoget kunne ta oss med til Damaskus, men diverre faar dei ikkje lov aa ta med passasjerar lenger... Difor vart det ein 5 timers busstur. Me hadde ikkje visum, men med hjelp av vaar gutteaktige sjarm, litt arbaisk, men hovudaklig vaart statsborgarskap; fekk me ordna oss visum paa grensa.

I morgon skal me utforska markedet. Det er organisert i mange smaamarked som alle heng saman. Teppemarkedet, antikvitetsmarkedet, beltemarkedet, fruktmarkedet og BH-markdet er alle obligatoriske stopp.
God Paaske!

tirsdag, mars 27

Folkeavsrøysting!



I går var det folkeavrøysting om endringa av 34 artiklane i Egypt si grunnlov. Endringane er svært kontroversielle og vart føreslått av våre kjære president Hosni Mubarak og skal, i følgje regimet, vera ein del av ein demokratiseringsprosess. Dette er både det Muslimske brorskap og den sekulære opposisjonen (med Kifaya i spissen) veldig ueinige i.

Endringa går kort ut på at alle politiske parti og organisasjonar som er tufta på religion vert forboden, då ryk alle mogleikar for Muslimsk Brorskap. Det er uheldig då desse har prøvd å få komme til i det politiske livet i Kairo gjennom fredelige midlar dei siste 80 åra. Vanskelig å vita om dei kjem til å halde den linja no når dei vert forbode. Det er òg drastiske endringar av vallovene; før måtte det vera ein representant frå dommarvesenet ved kvar valurna, dette var for å sjå til at alt gjekk føre seg på ein rettferdig måte, denne ”garantien” blir no tatt vekk. Vidare vert den 26 år gamle unntakstilstanden heva, men erstatta av eit lovverk kalla antiterrorlovene, i følgje Amnesty International legg desse opp til den verste underkastinga av menneskerettar i Egypt sidan innføringa av, nettopp, unntakstilstanden innført etter drapet av tidligare president Sadat i 1981.

Dommarane og rettssystemet har tradisjonelt operert delvis uavhengig av regimet og hatt stor integritet, likevel overstyrer regimet deira avgjersler i alle sensitive saker. Men med endringane av grunnlova vert det grunnlovfesta at president Mumbarak kan overføra dei rettssakane han ynskjer inn for militærdomstolen der det er umulig å anke…

Under valet i går vart folket oppmoda av opposisjonen til å avstå frå å røysta. Dette ser ut til å ha vore vellukka då valoppslutninga skal ha vore veldig låg. Dette heng nok òg sama med at folket har inga tillitt til val då desse alltid blir rigga. President Mubarak fekk 87% av stemmene under valet i 2005… Typisk for eit regime med diktatoriske tendensar! I nokre land er det vanlig at ein viss prosent av befolkninga må delta for at valet skal vera gyldig, men det er ikkje tilfelle i Egypt. Valet skulle eigentleg ha vore den 4 april, men vart framskyve til 26. mars, dette var etter all sannsyn for å hindra opposisjonen i å organisera seg. Både på sundag og i går var det planlagt store demonstrasjonar på Midan Tahrir(sentrum av Kairo, rett opp i gata frå AUC), men då det stod tusenvis av politisoldatar klare allereie om morgonen, torde ikkje opposisjonen å samla seg. Forståelig då politisoldatane ikkje opererar med silkehanskar…



På AUC, i aviser og media generelt blir det gitt lite merksemd til endringane av grunnlova. Læraren i min political science klasse vart sjokkert då berre 5 (meg inkludert) viste om endringane… Dette er den kommande eliten som skal styre landet om få år… Til gjengjeld er dei som held seg oppdatert i klassen veldig engasjert. Ein av dei er sonen til Ayman Nour. Ayman Nour er leiar for paritet Ghad og organisasjonen Kifaya. Han fekk 7% av stemmene ved presidentvalet i 2005, og vart då litt for pågåande for regimet og vart fengsla i 2006…
http://www.freeaymannour.org/

Det vert spennande å sjå resultatet av folkeavstemminga. På universitetet vert det spøka med at resultatet vart bestemt allereie i Januar, og det er nok ikkje så langt frå sanninga!

Elles går alt vel i Kairo. Håpet om å reisa til Iran neste måndag er svinnande då mine amerikanske reisevener slit med å få visum… Lurar på kvifor? Me håpar på å få endeleg svar i morgon!


fredag, mars 16

Demonstrasjon i Kairo



I går ettermiddag sat eg på universitetsbiblioteket og las. Så kom Yngve og fortalte at hans klasse hadde fått gå heim tidlig, det var venta ein stor demonstrasjon på midan Tahrir, og læraren var redd studentane skulle bli sittande fast i trafikken. Midan Tahrir er ein enorm rundkjøring rett bak universitetet, og sentrum av Kairo. Me tenkte at dette var noko å få med seg, så me gjekk opp på taket av universitetet, der me hadde perfekt utsikt og innsikt i korleis den demokratiske staten Egypt taklar opposisjon og demonstrasjonar. Midt på rundkøyringa stod det om lag 100 demonstrantar, dei hadde eitt banner. Dei var omkransa av politisoldatar, som i tillegg stod langs alle innfartsårer mot rundkøyringa og eit par kvartal i alle retningar. Det var opprørspolitibilar, brannbilar og enno fleire politisoldatar. Eg trur dei tal om lag 1500 til 2000. Forferdelig ekkelt syn. Det virka som dei stod å trippa, klar til å angripa demonstrantane då dei byrja å ropa slagorda sine. Etter ei stund verka det som ting roa seg, så me fòr å åt middag. Eg les i avisene i dag at 32 vart arrestert, men det skal ikkje ha vore noko særleg voldelig.



Det var den tverrpolitiske prodemokratiske gruppa Kefaya som stod bak. Kefaya betyr "nok" på arabisk og dei kjempar for ei demokratisering av Egypt. Under demonstrasjonen i går ropte dei "ned med Mubarak(presidenten)" og det er ulovleg i seg sjølv, i følge avisene vart det brent nokre amerikanske og israelske flagg. Men hovudappellen var retta mot endringane i grunnlova. Endringane er få med fundamentale. I følgje presidenten sjølv skal desse endringane garantera meir demokratisk fridom til det egyptiske folket. Endringane vil ”optimalisera” valordningane, forby parti som er tufta på religion, men lettare for andre å stilla til val. Det er tydlig at heile den splitta opposisjonen tolkar endringane på ein heilt anna måte, og meinar at desse endringane vil føra til mindre, ikkje meir demokratisk fridom...




mandag, februar 26

I Moses sine fotspor.



Somme stunder blir ein lei maset i Kairo. Difor bestemte eg, Jonas og vår amerikanske ven Bill oss for å ta ein helgetur. Valet vart Dahab og Mont Sinai. Torsdag kveld sat me oss på nattbussen mot Dahab, ei liten landsby som ligg på andre sida av Sinaiørkenen. Det er ein 8 timars busstur gjennom ørkenen, avbroten av 4-5 militære checkpoints. Tidleg fredag morgon kom me til Dahab og fekk oss eit lite rom på Pengvin Hostel. Der slappa me av og fylte lungene med frisk sjøluft og shisa. Jonas fekk litt kvalitetstid med sola, eg snorkla på revet og Bill vart raud.

Det eigentlege målet for turen var Mount Sinai. Det er eit 2400 meter høgt fjell der Moses skal ha moteke dei ti boda frå Gud. Det går rykte om at han mista to bod på vegen ned, så målet for turen var å finna dei to siste boda! Klokka 23 sat me oss i bilen og vart køyrt til fotenden av fjellet. Me hadde sett for oss ein rolig og fin fjelltur og vart sjokkert då busslass etter busslass med japanarar og kristne pilegrimar frå heile verda stod klar til å erobra fjellet! Det vart ein lang saktegåande kø opp til toppen. Eg vart imponert over dei feite amerikanarane og gamle damer frå Japan som klarte å gå dei 8 km i total mørke! Endeleg på toppen sat me og frøys i to timar medan me venta på soloppgangen, som diverre er lik over heile verda... Men bønene frå spanjolane og synginga frå Nigerianarane skapte ei god og spesiell stemning.

På vegen ned fekk me sjå det utrulege landskapet mørket hadde skjult for oss og ei og anna snøfonn. Dei siste kilometerane haika me med kamelar, det var ei heller ubehageleg oppleving
då beduinen ikkje ville visa korleis me skulle sitta for å hindra sterilisering. Attende i Dahab fann me ut at trøyte gutar leikar dårleg så me sat oss på ein minibuss attende til Kairo.
Det var ein folksam fjelltur utan om det vanlege, og me skal garantert attende til Dahab.


mandag, februar 19

Ei æreskrenking, -skada for livet?


Rett over vegen bur det ein egyptisk familie, det er mor, far og to ungar. Den yngste er Fatima, ho er kanskje rundt 13 år. Desse har me eit godt forhold til, me vinkar til kvarandre frå balkongane. Men, ein dag i sist veke hadde min gode sambuar Jonas vore å trent. Han kom heim til leilegheita og hoppa i dusjen. Samtidig gjekk Fatima ut på balkongen sin for å henge opp klesvasken. Jonas vart ferdig i dusjen og gjekk ut i stova for å hente noko, han var berre kledd i adam sin drakt, naken. Han såg ut vindauga og på andre sida av vegen stod Fatima, skrekkslagen! Jonas valte heldigvis ikkje å vinka, noko han ville gjort dersom han hadde vore anstendig kledd, men snudde seg vekk og gjekk innover i huset. Stakkar Fatima lukka att skoddene, vindauga og gardinene...!


Etter denne episoden går me rundt og er livredde kvar gong nokon bankar på døra. Våre egyptiske venner meiner at Fatima mest sannsynleg aldri har sett ein naken mann(all nakenskap vert offer for sensur på egyptisk TV), og viss far hennar får nyss i dette er ikkje Jonas sitt liv mykje verdt!!

Eg håpar faren til Fatima kan sjå forskjell på meg og Jonas...

lørdag, februar 17



Etter ein månad med intens vurdering har eg komen til den konklusjonen at det er legitimt for meg å oppretta ein blogg. Dette fenomenet har eg haldt meg vekke frå så langt, men då eg no sit i Kairo tenkte eg det er ein grei måte å fortelja om min opplevingar her i Afrika og halde kontakten med Noreg. 

Eg kom til Kairo for nøyaktig ein månad sidan, tok inn på King Tut Hostel som ligg midt i sentrum av Kairo(25kr natta!). King Tut Hostel brukte eg som base medan eg leita etter leilegheit. Her i Kairo møtte eg Jonas Haugen, han studerar sam.pol ved UiB og me bestemte oss for å finna husvære saman. Etter eit par dagar og mange stygge leilegheiter, møtte Jonas ein brite, James, som òg var på jakt etter husvære. Me slo oss saman og bur no i ein flott leilegheit på Zamalek, ei lita øy midt i Nilen! Eg føle meg heime på Zamalek, tanken på å vera omringa av vatn er god. Øya er kanskje ikkje det me kan kalla for eit egyptisk nabolag, det er helst ambassadar og vestlige folk som held til der, men i vår gata er det ikkje ei sjel som snakkar engelsk, så høflegheitsfrasene på arabisk blir godt brukt.


American University in Cairo er akkurat slik det høyres ut som; eit amerikansk universitet i
Kairo. Det er amerikansk universitetsstruktur, dvs; mange oppgåver, enno fleire førelesningar og kommunikasjon mellom studentane og forelesaren gjennom heile førelesninga. Dette er heilt motsat av kva eg er kjent med frå HF, men mykje av det er bra. Det er ikkje så bra at ansvar for eiga læring ikkje eksistere og det er eit byråkratisk helvete. Forelesarane er flinke, engasjerte og er sterke kritikarar av både egyptisk og amerikansk politikk. Faktisk så er Egypt det landet som mottek nest mest økonomisk bistand frå USA, etter Israel! Alt frå hyller på biblioteket til kaffimaskinar er merka med "US-aid". Då eg skal skrive bacheloroppgåve denne våren, teke eg berre tre kurs(det normale er 4-5). Det er eit historiefag, eit political sciencefag og egyptology.

Håpar på mykje kommentarar, og at Anders er nøgd med ein blogg og ikkje e-post!