mandag, februar 19

Ei æreskrenking, -skada for livet?


Rett over vegen bur det ein egyptisk familie, det er mor, far og to ungar. Den yngste er Fatima, ho er kanskje rundt 13 år. Desse har me eit godt forhold til, me vinkar til kvarandre frå balkongane. Men, ein dag i sist veke hadde min gode sambuar Jonas vore å trent. Han kom heim til leilegheita og hoppa i dusjen. Samtidig gjekk Fatima ut på balkongen sin for å henge opp klesvasken. Jonas vart ferdig i dusjen og gjekk ut i stova for å hente noko, han var berre kledd i adam sin drakt, naken. Han såg ut vindauga og på andre sida av vegen stod Fatima, skrekkslagen! Jonas valte heldigvis ikkje å vinka, noko han ville gjort dersom han hadde vore anstendig kledd, men snudde seg vekk og gjekk innover i huset. Stakkar Fatima lukka att skoddene, vindauga og gardinene...!


Etter denne episoden går me rundt og er livredde kvar gong nokon bankar på døra. Våre egyptiske venner meiner at Fatima mest sannsynleg aldri har sett ein naken mann(all nakenskap vert offer for sensur på egyptisk TV), og viss far hennar får nyss i dette er ikkje Jonas sitt liv mykje verdt!!

Eg håpar faren til Fatima kan sjå forskjell på meg og Jonas...

8 kommentarer:

Anonym sa...

Hehe... norsk ekshibisjonisme møter egyptisk bluferdighet..

Godt å høyre at du har det bra. Eg har da vel! Stortrivst på Jonsvoll, har opptil fleire gonger overmanna Jåny i amerikaner...

Ellers lite å rapportere om.. Holder på å skrive en jussoppgave om en hund som tok drap to ender.. spørsmålet er om hunden då kan avvlivast. Dette er faktisk ein reell sak ført for Høgsterett i 1998..

Hjarteleg helsing

Tåm

Nina sa...

dette var overraskene Magnus, jeg er veldig stolt av deg:) Og enda stoltere ble jeg når jeg så at du har fulgt rådet, og nå har begitt deg ut i egyptologiens verden..er det ikke gøy?:) Stakkar Fatima, hvis hu noen gang blir normal er det et under, er nok sjokk-skada for livet! Godt for deg at du og Jonas ikke er såå like da;)

Ingie sa...

Men Magnus!! Dette var en hyggelig overraskelse! Nå kan vi følge med på "alt" du finner på i Egypten:) Kos deg masse- er ikke Kairo FANTASTISK??!! Hils så masse til alle kjente og kjære... Husk at bakeriet til flamenco har landets BESTE grovbrød. (ja, det ER faktisk grovbød slik vi kjenner det) Klem fra meg

Anonym sa...

Det er slettes ikke synd paa Fatima - jeg gjorde henne en tjeneste, som hun burde sette pris paa. Er ikke alle som faar gleden av aa see mitt smukke jeg i adams drakt..

Anonym sa...

hei magnus!
veldig artig at du også har joina bloggbølgen! e d ikkje gøy?! må si at æ like nynorsken din. d høres så dypt og sofistikert ut =)
ellers så savne vi på hf dæ litt, men etter høsten uten libanon fortjene du virkelig kairo nu! e d forreste kaldt der nede? (ser du har på dæ lue på bilde).
håpe du oppdatere blogge ofte! have fun!

Ingie sa...

Neeeida... Ble ikke det SPOR misunnelig av mld din; Penguin, putehimmelen, shisha og nypresset jus! Jaja, her er det snø- ja SNØ!! Det blåser og er bare skikkelig kaldt. Møkkavær:) Så er IKKE misunnelig;)

Anonym sa...

Godag Magnus! Håpar du fortsatt har det bra. Reiser til Geilo i morgon, skal vera der 1 veka. Du saknar vel å stå på ski? Lite snø i Kairo tipper eg... Ta vare på deg sjølv!

Beduinen sa...

Eg såg Fatima i går, ho smilte og vinka, så eg trur ho er over det verste sjokket!

Tåm: Drep hunden!
Nina: Egyptologi er spennande og veldig lett. Hadde dåke òg Nichlas frå Hellas?
Ingie: Kairo er alle beste, og grovbrødet til Flamenco har eg ikkje prøvd endo, har vel ikkje vore her lenge nok!
Tone: Ja, det er faktisk kaldt, jakkekaldt! Takk for din stønad til det ekte språket i Noreg. Kvifor skriv ikkje du Ny-norsk?
Anonym: Sjølv om eg såg noko skitten snø på Mount Sinai, er det eit djupt savn hjå meg. Skia mine ropar frå kjellaren.. God tur!