fredag, mars 16

Demonstrasjon i Kairo



I går ettermiddag sat eg på universitetsbiblioteket og las. Så kom Yngve og fortalte at hans klasse hadde fått gå heim tidlig, det var venta ein stor demonstrasjon på midan Tahrir, og læraren var redd studentane skulle bli sittande fast i trafikken. Midan Tahrir er ein enorm rundkjøring rett bak universitetet, og sentrum av Kairo. Me tenkte at dette var noko å få med seg, så me gjekk opp på taket av universitetet, der me hadde perfekt utsikt og innsikt i korleis den demokratiske staten Egypt taklar opposisjon og demonstrasjonar. Midt på rundkøyringa stod det om lag 100 demonstrantar, dei hadde eitt banner. Dei var omkransa av politisoldatar, som i tillegg stod langs alle innfartsårer mot rundkøyringa og eit par kvartal i alle retningar. Det var opprørspolitibilar, brannbilar og enno fleire politisoldatar. Eg trur dei tal om lag 1500 til 2000. Forferdelig ekkelt syn. Det virka som dei stod å trippa, klar til å angripa demonstrantane då dei byrja å ropa slagorda sine. Etter ei stund verka det som ting roa seg, så me fòr å åt middag. Eg les i avisene i dag at 32 vart arrestert, men det skal ikkje ha vore noko særleg voldelig.



Det var den tverrpolitiske prodemokratiske gruppa Kefaya som stod bak. Kefaya betyr "nok" på arabisk og dei kjempar for ei demokratisering av Egypt. Under demonstrasjonen i går ropte dei "ned med Mubarak(presidenten)" og det er ulovleg i seg sjølv, i følge avisene vart det brent nokre amerikanske og israelske flagg. Men hovudappellen var retta mot endringane i grunnlova. Endringane er få med fundamentale. I følgje presidenten sjølv skal desse endringane garantera meir demokratisk fridom til det egyptiske folket. Endringane vil ”optimalisera” valordningane, forby parti som er tufta på religion, men lettare for andre å stilla til val. Det er tydlig at heile den splitta opposisjonen tolkar endringane på ein heilt anna måte, og meinar at desse endringane vil føra til mindre, ikkje meir demokratisk fridom...




6 kommentarer:

Anonym sa...

nu fikk æ veldig lyst til å være i kairo!! så artig at du fikk sett dettan! Mubarak og demokratisering blir bare tull! må si at kefaya-folkan e dristig, men egypt treng absolutt nån sånne.

her i bergen e alt bra. i mårra skal vi ut å feire st.patrick's day. huske du når vi feira den for to år sia?! d va tider!ellers så hadde vi en 3 timer lang lunchpause i hf-kantina i dag.
kos dæ!

Anonym sa...

Har du sett reklamen med Gulroten som sier "kefaya" til en potet(?) som sitter i sofaen å ser på tv? Fin reklame, husker ikke hva den var for. Take care!

Anonym sa...

Hei Maggnus.
I morgon skal eg til Voss og renna på ski. Da blir gildt. Eg skal ta eit par seige drag for deg i bakken!

Luv Ralph

Anonym sa...

Hei Magnus :-)

Så gøya t du skriver blogg! Mintes min egen tur til Mt. Sinai da du skrev om det! Og stakkars Fatima, vi får satse på at de ikke vet noe!

Håper du har det finfint! Skal bli flink til å følge med på bloggen din.

Klem Maria

Anonym sa...

Hva f. skjer med bilde-credits?

Og hvis det fremdeles skulle være tvil, den eneste av dere som kommer til Iran blir Bill. Og han reiser i uniform:

http://news.bbc.co.uk/2/hi/uk_news/6484279.stm

Beduinen sa...

Eg har ikkje sett noko "kefaya"reklame! Kan det vera skjult politisk bodskap?!

Alle bileta frå demonstrasjonen er tatt av Yngve Hvoslef frå Øyer, ei kjekk liten kommune nord for Lillehammer! Han fortene lite cred då kvaliteten er heller dårlig;-)