tirsdag, mars 27

Folkeavsrøysting!



I går var det folkeavrøysting om endringa av 34 artiklane i Egypt si grunnlov. Endringane er svært kontroversielle og vart føreslått av våre kjære president Hosni Mubarak og skal, i følgje regimet, vera ein del av ein demokratiseringsprosess. Dette er både det Muslimske brorskap og den sekulære opposisjonen (med Kifaya i spissen) veldig ueinige i.

Endringa går kort ut på at alle politiske parti og organisasjonar som er tufta på religion vert forboden, då ryk alle mogleikar for Muslimsk Brorskap. Det er uheldig då desse har prøvd å få komme til i det politiske livet i Kairo gjennom fredelige midlar dei siste 80 åra. Vanskelig å vita om dei kjem til å halde den linja no når dei vert forbode. Det er òg drastiske endringar av vallovene; før måtte det vera ein representant frå dommarvesenet ved kvar valurna, dette var for å sjå til at alt gjekk føre seg på ein rettferdig måte, denne ”garantien” blir no tatt vekk. Vidare vert den 26 år gamle unntakstilstanden heva, men erstatta av eit lovverk kalla antiterrorlovene, i følgje Amnesty International legg desse opp til den verste underkastinga av menneskerettar i Egypt sidan innføringa av, nettopp, unntakstilstanden innført etter drapet av tidligare president Sadat i 1981.

Dommarane og rettssystemet har tradisjonelt operert delvis uavhengig av regimet og hatt stor integritet, likevel overstyrer regimet deira avgjersler i alle sensitive saker. Men med endringane av grunnlova vert det grunnlovfesta at president Mumbarak kan overføra dei rettssakane han ynskjer inn for militærdomstolen der det er umulig å anke…

Under valet i går vart folket oppmoda av opposisjonen til å avstå frå å røysta. Dette ser ut til å ha vore vellukka då valoppslutninga skal ha vore veldig låg. Dette heng nok òg sama med at folket har inga tillitt til val då desse alltid blir rigga. President Mubarak fekk 87% av stemmene under valet i 2005… Typisk for eit regime med diktatoriske tendensar! I nokre land er det vanlig at ein viss prosent av befolkninga må delta for at valet skal vera gyldig, men det er ikkje tilfelle i Egypt. Valet skulle eigentleg ha vore den 4 april, men vart framskyve til 26. mars, dette var etter all sannsyn for å hindra opposisjonen i å organisera seg. Både på sundag og i går var det planlagt store demonstrasjonar på Midan Tahrir(sentrum av Kairo, rett opp i gata frå AUC), men då det stod tusenvis av politisoldatar klare allereie om morgonen, torde ikkje opposisjonen å samla seg. Forståelig då politisoldatane ikkje opererar med silkehanskar…



På AUC, i aviser og media generelt blir det gitt lite merksemd til endringane av grunnlova. Læraren i min political science klasse vart sjokkert då berre 5 (meg inkludert) viste om endringane… Dette er den kommande eliten som skal styre landet om få år… Til gjengjeld er dei som held seg oppdatert i klassen veldig engasjert. Ein av dei er sonen til Ayman Nour. Ayman Nour er leiar for paritet Ghad og organisasjonen Kifaya. Han fekk 7% av stemmene ved presidentvalet i 2005, og vart då litt for pågåande for regimet og vart fengsla i 2006…
http://www.freeaymannour.org/

Det vert spennande å sjå resultatet av folkeavstemminga. På universitetet vert det spøka med at resultatet vart bestemt allereie i Januar, og det er nok ikkje så langt frå sanninga!

Elles går alt vel i Kairo. Håpet om å reisa til Iran neste måndag er svinnande då mine amerikanske reisevener slit med å få visum… Lurar på kvifor? Me håpar på å få endeleg svar i morgon!


7 kommentarer:

Anonym sa...

Hallo Magnus. Eg innroemmer glatt at eg visste fint lite om kva som foeregaar i Egypt. Takk for god folkeopplysing!

Det naeraste eg har kome "politikk og saann" den siste tida var daa eg stemte ved skulevalet her i Stirling sist veke. Eg er flau over meg sjoelv, for eg visste kun kven 1 av dei 20 ulike kandidatane var. Saa eg endte med aa plukke tilfeldige folk til dei ulike posisjonane, av og til berre pga namna (til mitt forsvar hadde eg ikkje tenkt aa stemme i det heile. Vart lurt av ei eg kjenner til aa stemme paa ho. Det eg ikkje visste var at ho var einaste kandidat til posisjonen, saa ho hadde mest sannsynlig vunne uansett).

Haapar du kjem deg til Iran!

Martine sa...

Hm, det e nok ekstremt rosarødt å si at Brorskapet har FREDELIG prøvd å komme inn i politikken i 80 år. De dreiv med terrorisme på 70 og 80 tallet og har blodrøde hanska i skapet. Og det bildet med politivold har du vel ikkje tatt sjøl? I og med at politiet enda e i sine sorte vinteruniforma her??

Men eller, viva la revolutione!

Beduinen sa...

Kjære Martine. Dei fleste valdelige handlingar utført av islamistar i Egypt er stort sett utført av organisasjonar som det har vore vanskelige å bevise ei direkte tilknytting til Muslimsk Brorskap. Til dømes Al-Jihad som drap Sadat i 1981. Men det er sant at fleire valdelige organisasjonar har hatt sitt utspring og opphav i Muslimsk Brorskap... Bilete fann eg på veven;-)

Anonym sa...

hei magnus.

eg ville berre gjera deg merksam på ein lokalreportasje:

www.innsida.no/nyhende.asp?art=8406&sek=1&usek=1®i=1

helsing din ven
ralph

Nina sa...

hmh, interessante opplysninger.. jeg som sitter her oppi nord og bare tenker på påskeferie, hadde ikke fått med meg noe av dette! Godt du ikke skriver på engelsk forresten;) fikk du nr til pingvinen? Tror jeg fikk sendt d! Ha en flott påske. og lykke til med Iran, håper det ordner seg!

Anonym sa...

syns d e veldig bra at du skriv litt politiske innlegg i bloggen din. veldig rart at så få egyptera e klar over ka som skjer i landet demmes. i allefall rart at AUC-studentan vet så lite, eller... kanskje ikkje =)

vel, håpe iran går i boks! æ drar til tromsø og snø i mårra. yey!

Beduinen sa...

Iran gjekk paa raeva... Amerikanarane fekk ikkje visum. Saa eg og Yngve er paa loffen i Jordan, me skal vidare gjennom Syria og kanskje til Trykia:-)
Takk Ralph! Eg anbefale alle aa gaa inn paa linken ralph la ut;-)