
Somme stunder blir ein lei maset i Kairo. Difor bestemte eg, Jonas og vår amerikanske ven Bill oss for å ta ein helgetur. Valet vart Dahab og Mont Sinai. Torsdag kveld sat me oss på nattbussen mot Dahab, ei liten landsby som ligg på andre sida av Sinaiørkenen. Det er ein 8 timars busstur gjennom ørkenen, avbroten av 4-5 militære checkpoints. Tidleg fredag morgon kom me til Dahab og fekk oss eit lite rom på Pengvin Hostel. Der slappa me av og fylte lungene med frisk sjøluft og shisa. Jonas fekk litt kvalitetstid med sola, eg snorkla på revet og Bill vart raud.

Det eigentlege målet for turen var Mount Sinai. Det er eit 2400 meter høgt fjell der Moses skal ha moteke dei ti boda frå Gud. Det går rykte om at han mista to bod på vegen ned, så målet for turen var å finna dei to siste boda! Klokka 23 sat me oss i bilen og vart køyrt til fotenden av fjellet. Me hadde sett for oss ein rolig og fin fjelltur og vart sjokkert då busslass etter busslass med japanarar og kristne pilegrimar frå heile verda stod klar til å erobra fjellet! Det vart ein lang saktegåande kø opp til toppen. Eg vart imponert over dei feite amerikanarane og gamle damer frå Japan som klarte å gå dei 8 km i total mørke! Endeleg på toppen sat me og frøys i to timar medan me venta på soloppgangen, som diverre er lik over heile verda... Men bønene frå spanjolane og synginga frå Nigerianarane skapte ei god og spesiell stemning.

På vegen ned fekk me sjå det utrulege landskapet mørket hadde skjult for oss og ei og anna snøfonn. Dei siste kilometerane haika me med kamelar, det var ei heller ubehageleg oppleving
då beduinen ikkje ville visa korleis me skulle sitta for å hindra sterilisering. Attende i Dahab fann me ut at trøyte gutar leikar dårleg så me sat oss på ein minibuss attende til Kairo.
Det var ein folksam fjelltur utan om det vanlege, og me skal garantert attende til Dahab.
